Ingrid Baltzersen: Midtausten - Feminisme - Kommunisme - Homokamp - Utopi
Heimeside for Ingrid Baltzersen. Her legg eg ut lekkjer til eigne artiklar og anna eg synest er spanande.


fredag, september 01, 2006  

Eg har fått meg ny blogg! Gå på http://baltzersen.wordpress.com/

posted by Ingrid | 1:49 p.m.
 

Denne fann eg via ein Wikipedia-artikkel om Buffy (apropos prokrastinering). After Ellen er ei side som med slagordet "Because visibility matters" skriv om lesbisk og bifil synlegheit i underhalding og media. Dei har ein seksjon med artiklar om Buffy, men den kjekkaste er "How Buffy changed the World of Lesbians on Television" av Sarah Warn. Artikkelen er ein grundig analyse av korleis Buffy var den serien på amerikansk "network TV" som har eit lengst-varande lesbisk forhold og korleis det at det er fleire ulike lesbiske karakterar som er sympatiske men ikkje perfekte er noko radikalt nytt på amerikansk tv. Warn kritiserer også at Willow blir lesbisk og ikkje bifil, fordi ho tydeleg er tiltrukken av Oz då ho data han: It would have been more realistic and more groundbreaking if Willow had come out as bisexual (since that is never done on television), or at least had a discussion with Tara or Buffy about whether she was bisexual or a lesbian, instead of just pretending bisexuality didn't even exist. Men som Warn konkluderer, dette er ei mindre innvending sidan serien har vore den viktigaste for lesbisk synlegheit sidan Ellen kom ut i 1997 (ei hending eg hugsar svært godt).

posted by Ingrid | 11:42 a.m.
(0) comments

torsdag, august 24, 2006  

Eg elskar wikipedia, for dei har artiklar om sånne ting som eg har lett etter på nettet før, utan å finna noko særleg. For eksempel er det ein fin Wikipedia-artikkel om Queer Nation. Queer Nation starta opp i 1990 for å jobba for lesbisk, homofil og bifil synlegheit. Manifestet deira ligg her.

Queer nation dreiv med kreative aksjonar og offensive slagord:
April 20, 1990 Queer Nation members show up en masse at Macy's department store where Olympic gold medalist Greg Louganis is promoting a new swimsuit line. Queers arrive with WHEATIES cereal boxes with swimmer?s picture pasted on front, to recall the time the cereal maker rejected Louganis as a spokesperson, ostensibly because he is gay.
April 26, 1990 Responding to the 120% increase in violence against queers, Queer Nation climbs to the roof of Badlands, a Greenwich Village bar and hangs a 40-foot banner that reads: "Dykes and Fags Bash Back!"
April 28, 1990 A pipe bomb explodes in Uncle Charlie?s, a Greenwich Village gay bar, injuring three. In protest, Queer Nation mobilizes 1000 queers in a matter of hours. Angry marchers fill the streets, carrying the banner ?Dykes and Fags Bash Back.?
May 12, 1990 The inauguration of "Queer Shopping Network." Members of Queer Nation travel from New York City to the Newport Mall in Jersey City with leaflets offering information about queers, safe sex tips, and a list of famous queers throughout history. The leaflets are titled "We're here, we're queer and we'd like to say hello!"

For oss som les Dykes to watch out for så er mange av aksjonsformane kjente, eg trur dei fleste aksjonane er teikna av Alison Bechdel, men sidan dei gamle stripene ikkje er lagt ut på nett må ein nesten låna bøkene av meg eller på ditt lokale bibliotek, eller kjøpa på Tronsmo.

posted by Ingrid | 12:16 p.m.
(0) comments

tirsdag, august 22, 2006  

Eg sendte dette lesarinnlegget til Argument, eit nytt studentdrivetidsskrift på Universitetet i Oslo. Dei trykte Hamas-charteret, og eg argumenterer for kvifor det ikkje er nyttig å bruka Hamas-charteretnår ein skal finna ut av politikken til Hamas.

Motargument: Hamas-charteret ? å velja den enkle løysinga

Argument er eit spanande prosjekt, og redaksjonen skriv i den første leiarteigen at dei skal bruka det beste av det tabloide, "kjøre sine egne saker og skape sine egne aktualiteter". Det er eit prisverdig program, og difor synst eg det er synd at Argument veljar den enkle løysinga og følgjer opp alle andre media med å dømma Hamas ut frå det såkalla Hamas-charteret frå 1988. Ei mykje viktigare oppgåve hadde vore å finna ut kva Hamas står for i dag, noko ein til dømes kunne ha gjort ved å oversetta og trykka valprogrammet til Palestine Legislative Council-valet i januar i år, programmet "Reform ogendring", eller å trykka programmet for den nye regjeringa, som finst på engelsk her.

Hamas vann ein overveldande siger i valet, delvis på grunn av eit spesielt valsystem, men mykje på grunn av kandidatane og politikken til Hamas. Representantane dei har hatt på lokalnivå har vist at deier rederlege, idealistiske og ukorrupte, i motsetnad til mange av Fatah-representantane. Hamas har også politisk representert ei fortsetting av motstanden mot Israel, mens Fatah blir identifisert med dei manglande resultata av Oslo-avtalen.

I dag har Hamas har gått frå å vera prinsipielt mot Oslo-avtalen og boikotta vala til PLC, til å delta i Palestine Authority-institusjonane som faktisk er eit resultat av Oslo-avtalen. Det er mange ulike oppfatningar i Hamas, både når det gjeld Oslo-avtalen, metodar for motstandskamp, og nok også Charteret. Menregjeringa som sit no er såpass pragmatiske at dei har delteke i den demokratiske prosessen, og dei har signert fangedokumentet som legg vekt på fortsetting av motstandskampen, men denne blir konkretisert som frigjering av Vestbreidda, Gaza og Jerusalem, og dokumentet understrekar at PA er kjerna i ein framtidig stat. Programmet for regjeringa går i same retning: " 4- Resistance in its various forms is a legitimate right of the Palestinian people to end the occupation andregain the Palestinian people national rights 5- To cooperate with the international community towards ending the occupation and settlements and towards the comprehensive withdrawal from the territories occupied in 1967 including Jerusalem so that the region can enjoy calm and stability at this stage.", i tillegg til å nemna mange andre programærklæringar, til dømes at regjeringa skal jobba for å betra rettstryggleik og pressefridom.

Palestinakomiteen i Oslo inviterte Yahya al-Abadsa, PLC-medlem forHamas, til Noreg i juni i år. Det gjorde me fordi Hamas er den største fraksjonen i PLC, dei er i regjering, og representerer dermed folket på Vestbreidda og Gaza. Me inviterte han også fordi me ynskja å bryta den politiske isolasjonen som dei palestinske myndigheitene har opplevd etter at palestinarane blei straffa for valet dei gjorde. Regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar frå Hamas blir kidnappa av Israel utan at vesten reagerer. I møte med utanrikskomiteen i Stortinget uttala al-Abadsa at Charteret var mest som skjønnlitteratur frå den første intifadaen å rekna, og ikkje noko som blei bruka i dag. Dette blei også referert til media av komitéleiar Olav Akselsen (DNA).

Det hadde sjølvsagt tent Hamas å ha dei nye dokumenta letttilgjengeleg på internett på engelsk, sånn at ikkje Charteret er såraskt å ty til. Men det unnskylder ikkje Argument for å velja denenkle løysinga.

posted by Ingrid | 11:10 a.m.
(0) comments

torsdag, august 10, 2006  

Her er ei oversikt over tidlegare publiserte artiklar som eg ikkje har lagt ut på bloggen min før.

Dagens Mening (noko ein forsøkte på på www.akp.no ei stund)
Ingrid Baltzersen: Rett til adopsjon for lesbiske og homofile (DM 070401)
Ingrid Baltzersen: Et barn er født i Betlehem ... (DM 241201)
Ingrid Baltzersen: Æresdrap (DM 300102)
Ingrid Baltzersen: Kvinnedagen er dagen for lesbisk kamp (DM 170402)
Ingrid Baltzersen: Kven er far? (DM 310502)

Intervju og artiklar eg har hatt i månadsavisa AKP.no:
Ingrid Baltzersen (intervju): Stopp møta med Sharon, Jan Petersen! (akp.no 8, 2003)
Ingrid Baltzersen (intervju): Nekta innreise (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen: Viss Sverige bomba Noreg 16. mai ... (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen og Arnljot Ask: Støtt palestinerne! (akp.no 3, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): - Ingen fred uten frihet! (akp.no 6, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): Er det håp i Palestina? (akp.no 10, 2004)
Ingrid Baltzersen: Boikott varer fra Israel! (akp.no 1, 2006)

Artiklar eg har hatt i Røde Fane før eg starta bloggen min:
Ingrid Baltzersen: Kva om alle var normale? (RF 2, 2000)
Ingrid Baltzersen: Families we choose (bokomtale) (RF 4, 2000)
Ingrid Baltzersen: Legning i Sør (seksualitet i et internasjonalt perspektiv) (RF 1, 2001)
Ingrid Baltzersen: Homopolitikk før Stonewallopprøret (RF 2, 2001)
Ingrid Baltzersen: Palestina etter bombinga av Afghanistan (RF 4, 2001)
Ingrid Baltzersen: Bruddet - hellige krigere og en ny verdensorden av Kari Vogt og Anders Heger (RF 3, 2002)
Ingrid Baltzersen: Israel Shamir: Blomar frå Galilea (RF 4, 2002)

posted by Ingrid | 3:30 p.m.
(0) comments  

Eg er svært dårleg til å oppdatera bloggen min, sjølv til at det er ein arkiv-blogg. Men her kjem i alle fall det siste eg publiserte i Rødt!, eg bidrog i det kule damenummeret Rødt! #1 2005 som kom til 8. mars i år, med artikkelen Ikkje bli kalla hore.

Her er ingressen: "Det som opprører meg mest med kapitalismen, er at han gjer menneskelege behov til salsobjekt. Behovet for bekrefting frå andre folk, for vennskap, kjærleik, sex, spenning, flørt, alt kan kjøpast og selgast, og viss ein ikkje får den ekte varen, kan ein kjøpa eit substitutt. Reklamen viser at viss ein kjøper den sjokoladen eller det bindet eller det vaskemiddelet, så blir ein lukkeleg."

Alle dei andre artiklane er veldig bra, mange flotte smarte damer skreiv i dette nummeret! Her er ei oversikt:

Kvinners drømmer
Unni Rustad: Gi jentene en sjanse!
Gro Finne: Drøm for framtida
Anne-Berit Tuft: En moderne Rødhette
Aurora Hagen: Ikke bare penger!
Shilan Shorsh: Den drømmen som skal være bare en drøm
Gro Dahle: I et trygt hus er det lett å drømme
Gudrun Kløve Juuhl: Om framtida
Helga Forus: Mitt drømmediktatur
Christin Aamodt: Drill for damer
Ingrid Baltzersen: Ikkje bli kalla hore
Jorun Gulbrandsen: Jeg vil ha glede!
Kjersti Ericsson: Vi bygger utopien på det vi gjør nå!
Merethe Ruud: Nei til skjønnsdiskriminering!
Sapideh Sadeghi: Å avkle orientalismen
Kristin Risan: Drømmer for framtida
Tove Stangnes: En verden uten fattigdom av noe slag
Tina Marine Wikstrøm: Kollektiv er drømmen!!
Veslemøy Fjerdingstad: På egne bein
Sigrid Angen: Drømmer for framtida
Turid Kjernlie: Tenk om ...
Magnhild Folkvord: Omstart (intervju med Cathrin Larsen)

posted by Ingrid | 3:30 p.m.
(0) comments

tirsdag, desember 27, 2005  

I sommar hadde eg og Mimir Kristjanson kvar vårt innlegg i ein debatt om korleis me kan få sosialistisk folkestyre. Debatten var på rød sommarleir, eit godt ferietips for dei som likar å diskutera politikk, bada og sola seg med andre spanande radikale folk.

Innleiingane blei publiserte i Rødt! #4 2005. Her er artikkelen min: Korleis får me sosialistisk folkestyre? . Her er artikkelen til Mimir: Despotisk sosialisme er mulig. Og griser kan fly.

Rødt! # 4 2005 er om Revolusjon, kommunisme og demokrati, og fleire av artiklane er relevante for denne diskusjonen. Alle er ikkje lagt ut enno, men dei kjem etter kvart. Artiklane er: Mari Fjeldstad: Å ta seg sjølv alvorleg, Lars Akerhaug: Sosialisme uten arbeidermakt?
Pål Steigan: Hva er sosialisme?, Jorun Gulbrandsen: Venstresida akkurat nå
Bonusartikkel - bare på nettet:Jorun Gulbrandsen: Om kommunistpartiet - Om det revolusjonære partiet, Jan Ivar Elstad: Klasseanalyse i dag - marxistiske og sosiologiske tilnærminger, Kjersti Ericsson: Drømmen og kompasset (dikt), Rosa Luxemburg: Sentralisme og det russiske sosialdemokratiet. Rødt! har sjølvsagt fleire gode artiklar om andre emne også, det er berre å gå og sjå!

posted by Ingrid | 2:54 p.m.
(0) comments

torsdag, september 15, 2005  

Dette er ein artikkel eg skreiv som stod på trykk (litt redigert) 7. september i avisa Klassekampen.

Presidentval i Egypt

I dag skjer det første valet der egyptarane kan velja mellom fleire enn ein presidentkandidat. Alle vala på president sidan revolusjonen i 1952 har vore folkerøystingar, der nasjonalforsamlinga har foreslått ein kandidat og folket har sagt ja til kandidaten.

Denne våren har det vore mange demonstrasjonar mot president Hosni Mubarak og for endring, og endringa i vallov som gjorde det mogleg med fleire kandidatar kan sjåast som ein reaksjon på dette. Opposisjonen har likevel vore skeptisk til grunnlovsendringa, og fleire har oppfordra til boikott. Endringa av vallov skjedde i løpet av nokre veker, etter initiativ frå presidenten, og opposisjonen stoler ikkje på intensjonane til forslagsstillaren. Det er fleire forhold som gjer at delar av opposisjonen ser på dette valet som like udemokratisk som folkerøystingane: Reglane for å stilla som kandidat er veldig strenge, det har vore uklart om det kom til å vera nøytrale observatørar, og den korte perioden mellom grunnlovsendringa og valet har gjort det vanskeleg å ha ein skikkeleg valkamp. I valet i år får kandidatar frå alle godkjende parti stilla, men regelen seinare skal vera at partia må ha minst 5 prosent oppslutning i parlamentet, langt over det noko opposisjonsparti har no. For å stilla som uavhengig kandidat krev reglane støtte frå 65 parlamentsmedlemmer, i tillegg til 185 andre folkevalde. NDP har 388 av 444 valde plassar i parlamentet, i tillegg til overveldande majoritet i både Majlis al-Shura (overhuset), og lokalforsamlingar. Grunnlovsendringa blei bekrefta gjennom ei folkerøysting, og det er også usemje om denne gjekk riktig for seg, offisielle deltakartal er på 53 % av registrerte røystarar, mens dommarforeninga anslår deltakartalet til 3 % (Al Ahram Weekly).

Det har vore usemje i dommarforeninga om dei skal vera observatørar til valet, og dermed legitimera det. Domarforeninga har ikkje fått innfridd krav om å redusera talet på valstasjonar og auka røysteperioden for å på den måten kunna ha nok folk til jobben. På eit møte fredag avgjorde dei likevel at dei skal overvaka valet, men fleire av dei kritiske dommarane blir bedt om å halda seg heime (Cairo Magazine).

Dei fleste, både folk på gata og aviskommentatorar, reknar med at president Hosni Mubarak kjem til å vinna dette valet. Det er ti kandidatar som stiller, dei viktigaste i tillegg til Mubarak er Ayman Nour frå det nystarta al-Ghad (i morgon) Partiet, og Nomaan Gomaa frå det liberale al-Wafd Partiet. Den politiske plattforma til al-Ghad og al-Wafd er ganske like, då al-Ghad er ein utløpar frå Al-Wafd. Men Ayman Nour, med sine 41 år, framstår som den unge ærgjerrige og visjonære motstandaren til Mubarak. Nour har mellom anna lova å berre styra i ein overgangsperiode på to år, og deretter skriva ut nyval. I denne perioden skal han utnemna ei koalisjonsregjering, oppheva unntakslovene og skriva ein ny konstitusjon.

Gatebiletet i Kairo er prega av plakatar av presidenten, og også handmala banner som privatpersonar og organisasjonar har hengt opp. Ein ser ein og annan plakat for dei andre kandidatane, men det er ikkje mange. Mediebiletet har også vore prega av Mubarak, sjølv om dei andre kandidatane har fått litt tid i dei offisielle kanalane. Det er vanskeleg å framstå som eit reelt alternativ for dei andre kandidatane med dei store materielle forskjellane og den korte tida valkampen har vart. I tillegg reknar ein med at det kjem til å føregå valfusk i område Mubarak ikkje står så sterkt.

Det er fleire parti som kunne ha stilt kandidat til valet som boikottar valet, fordi dei meiner det er eit skinnval. Det sosialistiske Tagammo? partiet er eit eksempel, det islamistiske Hizb al Amal eit anna. Den egyptiske rørsla for forandring, betre kjent som Kifaya, har oppfordra til boikott. Kifaya er ei rørsle som består av venstresidefolk, nasseristar, liberalarar, islamistar med meir. Den Muslimske Brorskapen kan ikkje stilla fordi dei er forbodne, men har bestemt seg for å ikkje boikotta, men heller ikkje å offisielt støtta ein av kandidatane.

Endringa av valloven har skjedd etter at både Kifaya og Brorskapen har demonstrert for endring i vår. Men endringa kan også sjåast på som ein styrkemarkering frå presidenten, ein måte å utnytta svakheita til opposisjonen, og lata som om det er eit reelt val i staden for å tvinga folk til å røysta.

Abdel Halim Kandil, talsperson for Kifaya avviser dette:

-Opposisjonen i Egypt er ikkje sterk, men me blir sterkare. Men er regjeringa sterk? Nei, det er ei sårbar regjering som er avhengig av tryggleigspolitiet og batongar. Dette har gjort oss pessimistiske, men me ser no eit folk som går frå pessimisme til håp. Dette regimet kjem etter mi meining ikkje til å ha makta i meir enn to år framover. Viss regimet var sterkt ville det ha gitt folket eit reelt val, og latt dommarane overvaka valet på ein skikkeleg måte.

Kifaya organiserte fredag demonstrasjon for å oppfordra den egyptiske dommarforeninga til å ikkje overvaka valet. Det deltok nokon hundre aktivistar i demonstrasjonen, men politioppbodet var det mangedoble, og nye forsterkingar kom jamnleg. Resultatet frå dommarmøtet var som forventa for Kifaya-aktivistar, som forklarte det dårlege oppmøtet i demonstrasjonen med at utfallet på dommarmøtet allereie var klart. Men Kifaya lovar ny demonstrasjon i dag i Kairo sentrum på Tahrir-plassen, og det er venta at denne demonstrasjonen blir større. Demonstrasjonen mot folkerøystinga 25. mai, og demonstrasjonen mot Mubarak 30. juli endte begge valdsamt for Kifaya-aktivistar, dei blei innringa av politiet og banka opp av mobb med batongar. Demonstrasjonen i dag kan godt enda på same måten.

posted by Ingrid | 11:22 a.m.
(1) comments

fredag, mars 18, 2005  

Kvinnejournalen blei til Fett, og eg og nokre andre jenter laga omtale av dei to første nummera i Røde Fane som skifta navn til Rødt!... Les omtalen i Rødt! # 1 2005. No har Fett kome med nytt nummer som ser endå betre ut, så kanskje me må laga ny omtale etter kvart.

posted by Ingrid | 12:45 p.m.
(0) comments
archives
links